HEIM ATT
Staden er Haukedalen, ei lita bygd i Førde kommune. Det er slutten av september, men temperaturen minner meir om sein august. Fjellet er i ferd med å kle seg i haustdrakt. Og der oppe i fjellet ser du dei kanskje. I busk og kratt, bratte fjellsider og mjuke dalbotnar. Gjennom sommaren har dei beita av det fjellet har å by på. No skal sauene heim att.
Denne reportasjen fekk hederlig omtale under utdelinga av Fagpressens fotopris 2018.