Påska

I det augneblinket klokka passerer 16 fredagen før palmehelga forsvinn vi nordmenn inn i påskemodus. I kollektiv hentar vi ski frå boda, studerer langtidsvarselet på yr.no og kjøper kvikk lunsj på butikken. Autosvaret på jobbmailen er for lengst slått på. Fjellet kallar!

For min eigen del kalla fjellet meir enn nokon gong. Med seks veker i Kina gjekk eg glipp av stort sett all snøen vinteren hadde å by på. Toppane på Jølster hadde heldigvis spart på litt av det kvite gullet og yr hadde fire godvèrsdagar på lager. Vi omfavna dei alle med topptur og sjokolademelk i sekken (vi måtte jo drikke opp dei 18 vi hadde kjøpt på Coop til 100 kroner). 

Bjørsetfjellet på Langfredag - ein dag som går inn i toppturhistoria sine beste dagar. Samtlege kom ned og kjende seg som verdas beste skikøyrarar. Silkeføre!

jølster påska 2017.jpg

Påskeharen tok seg også ein tur til fjells.

Kvamsfjellet skuffa med pappskare, men imponerte med fantastisk lys.

Tindefjellet er på mange måtar nasjonalfjellet for ein som kjem frå Vassenden. Derfor var det ein skam at eg aldri hadde besøkt det på vinterstid. Det fekk vi gjort noko med!

Fjell altså! Blir aldri lei av denne utsikta.