Du veit når skrivebordet bugnar av skulebøker, og worddokumentet på pcen ventar spent på fortsetjinga etter du fann ut at «Innledning» skulle stå i skriftstørrelse 16 i staden for 14. Du snurrar deg ut av kontorstolen, set kursen mot klesskapet. Du ser på hyllene med treningsklede, og lurer på om den litt slitne Nike-buksa høyrer heime hos treningsbuksene eller kosebuksene. Du synes det er vanskeleg å avgjere fordi buksa funkar dårleg å jogge med, men den funkar jo på yoga. Du funderer lenge og vel, og kjem omsider fram til at ei bukse som blir brukt meir på veg til trening enn på trening, strengt tatt ikkje har kvalitetane som skal til for å flotte seg med dei spreke og spenstige treningsbuksene. Tilbake i kontorstolen kjenner du at du eigentleg er ganske sliten etter den vanskelege beslutninga. Du bestemmer deg for å lage ostis. På veg til sofaen skrapar du av den overflødige osten, puttar den i munnen og tenkjer at det jammen er lite som slår smelta ost. Du og ostisen deisar nedi sofaen. Sofaen lagar eit lite smell, uttrykkjer si misnøye og lurer på kvifor du ikkje kunne satt deg pent og pynteleg. På TVNorge sender dei Friends, serien du har sett 33 gonger før. Dei sender ikkje berre ein episode, ikkje to eller tre, nei, fire på rappen. Og når du har sett tre kan du like godt sjå den fjerde. Medan du ser den fjerde episoden startar bikkja å mase. Som med det meste anna, bortsett frå å oppretthalde god struktur i klesskapet, er det tiltak å gå ut. Men det er hakket verre å høyre på maset, og du kjem deg omsider ut døra. Litt frisk luft er jo ikkje å forakte. Så er det jo middag. Og trent skulle ein også gjort. Dagens episode av Masterchef Australia er også svært viktig. Så var det liksom kvelden då.
Ja.