Mykje har skjedd sidan sist eg skreiv noko her. Eg har nettopp kome heim etter ein månad på ski over Grønland. Like før reiste eg til Nepal for å lage reportasje om Vibeke, som var på Mount Everest under jordskjelvet i fjor. Ho blei igjen for å drive hjelpearbeid, og flytta ut i telt då ho kom tilbake til Noreg. Eg blei med ho tilbake til Nepal nesten eit år etter katastrofa. Ei tøffare og meir spennande dame skal du leite lenge etter!
Eg fekk oppleve svært mykje i løpet av veka i Nepal. Ei natt under stjernene i ei avsidesliggande grotte er noko av det eg hugsar best. I grotta budde ein eldre mann, som er den einaste gjenbuande frå det som var eit isolert grottesamfunn. Dei andre flytta etter jordskjelvet, og har mista stort sett alt. Eg beit meg også merke i kor sterkt fleire reagerte på dårleg vér. Ei ung mor gøymte seg under senga med barnet sitt då det blåste opp utanfor. Det er ingen tvil om at jordskjelvet har satt djupe spor, både fysisk og mentalt.
Du kan lese den ferdige reportasjen på UTEmagasinet.no og her. Under er litt bits & pieces frå reisa. Meir om Grønland seinare.