Nominert til Årets Bilde

Wow. At eg, ein fotojournalist som først og fremst surrar rundt i naturen - og ikkje i krigssoner, skulle være blant dei nominerte i Årets bilde hadde eg ikkje trudd! For enkelte er det nærmast kvardagsleg å stå på den lista, for meg er det truleg det største så langt i karrieren. Og det må seiast at det er litt av ein gjeng eg har gått i klasse med. I fjor blei fem stk premiert, i år er det fire. 

Under prisutdelinga 9.mars vil eg få vite kva eg blir premiert for, i kva slags kategori og kva slags valør.

Du kan sjå lista over nominerte her.