2017 blei året kor eg offisielt kunne kalle meg fotojournalist og konstantere at 10 års høgare utdanning er nok. Det blei også året kor eg fekk ein haug med vaksenpoeng ved å kjøpe hus på Jølster.
Eg må også seie at 2017 er året kor eg har tenkt mykje på korleis vi menneske er i ferd med å øydelegge den fantastiske planeten vi bur på. Mitt største ønske for 2018 er at menneska i fellesskap tek gode valg, på vegne av oss og alle andre vi deler planeten med.
Men først ein liten bildekavalkade:
Vi rulla like godt inn i det nye året i snøen på Årsetfjellet.
Seks veker i verdas mest folkerike land kjendes som meir enn nok. Å vere fotojournalist i dette landet var ei krevande øving, då vi ikkje kunne fortelje at vi var journalistar, og dei færraste forstod engelsk. Tidvis kjende eg meg som denne pandaen. Men det blei både bok og utstilling ut av det - og plutseleg var vi der, ferdige med tre års utdanning, så utruleg fort det har gått. Det starta som ein fjern draum, og no prøvar eg å finne vegen i det harde livet som frilansar. Ingen sa det skulle bli enkelt og det er det heller ikkje, men eg kjenner meg heldig som får halde på med dette.
Langfredag påska 2017 går inn i historia som dagen med dei beste forholda eg nokon gong har opplevd på topptur. Silkemjuk snø og solskinn på Bjørsetfjellet.
Eik blei ved gjentekne gonger observert slik gjennom sommaren.
Også eg sjekka ut forholda under vatn på fridykkingskurs.
Lundefuglar på Færøyene - truleg årets høgdepunkt, som også skulle ende i mi første sak i A-magasinet.
Eg starta min eigen nettbutikk, noko som sjølvsagt var stas.
Det er rart å tenke på, men denne eigedomen er vår. Vi flyttar ikkje heilt endå, men når den tid kjem blir det både kajakk og badestamp!
Tampen av året har bydd på fantastiske skiforhold i Jølster - og det skal vi få nyte endå ei veke.